Born sendt med luft­ambulanse etter trafikk­ulukke i Balestrand


Eit barn skal vere frakta til Haukeland eller Førde sentralsjukehus med luftambulanse etter ei trafikkulukke på Fv 55 ved Ese mellom Balestrand og Dragsvik torsdag føremiddag. I følgje NRK skal det ha vore fire i bilen der tre av dei er born. Alle dei involverte skal ha blitt sett til av helsepersonell på staden. Bilen skal ha fått store materielle skader, og medan ein ventar på bilbergar er det manuell dirigering av trafikken i eit felt.