BKK Enotek skal vedlikehalde Småkraft sine kraftverk på Vestlandet

Av
17.11.2020 11:02 - OPPDATERT 17.11.2020 13:02

Småkraft AS har inngått en avtale med BKK Enotek om tilsyn og vedlikehald av elektriske anlegg på alle sine 46 småkraftverk på Vestlandet.

- Avtalen er med på å byggje opp under BKK Enotek sin strategi om vekst i våre nærområde på Vestlandet, seier Tore Bråstad, divisjonssjef for Industri og elektrifisering i BKK Enotek, i ei pressemelding.

Avtalen gjeld for fem år og innebær av Enotek skal utføre vedlikehaldstenester på dei elektriske anlegga på alle kraftverka til Småkraft i Vestland og Møre og Romsdal fylke.

BKK Enotek leverer eni rekkje tenester innan elektrifisering, elkraft, samferdsel og digital kommunikasjon.

Størst i Norge på småkraft

-Småkraft er i sterk vekst, og vi er glade for å sjå at BKK Enotek kan bidra til trygg og stabil drift for våre kraftverk på Vestlandet, seier operasjonsdirektør Jørgen Hundven i Småkraft AS.

Småkraft AS vart etablert i 2002 og er i dag den største drivar av småkraftverk i Norge og Europa med rundt 120 kraftverk i drift over heile landet. Årsproduksjon er på over 1,2 TWh, som tilsvarar forbruket til 100.000 husstandar eller 500.000 elbilar.