Trafikkuhellet skjedde ved Ulvåna, på fv 55 mellom Vadheim og Kyrkjebø. (Foto: May Britt Eide)

Bil med seks personar kilte seg fast med lastebil

Ein personbil med seks personar i kilte seg fast med ein lastebil i strekninga mellom Vadheim og Kyrkjebø, melde Vest politidistrikt på Twitter klokka 10.43 i dag.


I lastebilen var det ein sjåfør, og alle dei involverte skal vere uskadd.

Vest politidistrikt melde først at det var snakk om ein kollisjon, men Geir Harkjerr ved Høyanger lensmannskontor seier det ikkje var så alvorleg.

– Det ikkje snakk om ein kollisjon, men to kjøretøy som hadde kilt seg fast, seier han til Ytre Sogn.

Uhellet skjedde ved Ulvåna. 

Like før klokka 12 var det manuell dirigering på staden.

Bergingsbil er no på plass. 

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.