Ein bil køyrde i fjellveggen utanfor Vadheimstunnelen på rikstveg 55 utanfor Vadheim. Foto: privat

Bil i fjellveggen utanfor Vadheim

Vest politidistrikt meldte på Twitter klokka 11.07 i dag at ein bil hadde køyrd i fjellveggen på riksveg 55 utanfor Vadheim.


Det er for tida trafikk i kolonne forbi ulykkestaden, der bilen har blitt ståande på tvers i vegbana.

Då politiet kom til staden, tok dei rutinemessig promillekontroll av førar. Han blåste då over lovleg verdi, opplyser Vest politidistrikt, skriv Firda.

Begge dei to i bilen ser ut til å ha komme frå det utan skader, men føraren av bilen er sendt sjukehuset i Førde.

Politiet melder at vegen er open igjen.