Foto: Statens vegvesen

Bil i fjellveggen mellom Høyanger og Balestrand

Klokka 07.27 måndag melder Vest politidistrikt om ei trafikkulukke ved Kongsneset, like før Kvist, i retning Balestrand.


Klokka 07.27 meldte  Vest politidistrikt om ei trafikkulykke ved Kongsneset, like før Kvist, i retning Balestrand.

Førar var åleine i bilen og vedkomande er vaken og medviten. 

Politiet kan førebels ikkje seie meir om skadeomfang eller årsaka til ulukka. Bilen står framleis i køyrebana men bilbergar er på veg, opplyser politiet på Twitter. 

Oppdatering på artikkel klokka 10.50.

Føraren, mann i 20-åra, var aleine i bilen. 

– Vi har ikkje fått prata med føraren. Han vart raskt frakta til Førde sentralsjukehus. Han var våken, men klaga over smerter og var ganske skjelven, seier operasjonsleiaren, skriv Firda.

Kva som er årsaka til ulykka er enno usikkert.

– Det har vore meldt om vêromslag, men vi har ikkje fått melding om glatte vegar, seier Dahl-Michelsen, skriv Firda.

Det er passasje forbi ulykkestaden, men bilen skal sperre køyrefeltet i retning Balestrand.