Bettina (23) suste rett inn i kommunestyret.

Skrevet av
16.09.2019 17:57 - OPPDATERT 16.09.2019 19:57

Med 159 personstemmer og 16 slengjarar suste Bettina Varden (23) rett inn i kommunestyret i Høyanger.

- Nei, kva skal eg seie? Det følest litt uverkeleg, og var slett ikkje noko eg venta, seier Bettina Varden (23) frå Høyanger som før valet stod på 19.plass på Arbeidarpartiet si liste, men som enda opp på 5.plass - og dermed vert fast representant i det nye kommunestyret.

Det sørga 159 personstemmer og 16 slengjarar for. Berre partikollega - og toppkandidat - Petter Sortland hadde fleire personstemmer, med 250. Dermed var det heller ingen andre som gjorde eit like stort byks på vallistene i kommunen som ho.

- Eg vore oppteken av å gjere ein innsats for partiet no i valkampen, og kanskje har det blitt lagt merke til, er hennar forklaring på det heile.

Og så er det sikkert også nokre som vil ha inn yngre folk i kommunestyret.

- Eg tykkjer uansett det er kjekt at folk viser meg den tilliten. Så blir det no opp til meg å vise at eg er verdig den, seier ho. Les meir i siste utgva av Ytre Sogn!