Bestillingane på munnbind strøymer inn til Agnethe


Det starta med at ho laga nokre munnbind som ho sende med sonen som no byrjar på skule i Oslo. No sit Agnethe Smelvær med bestillingar på rundt 100, frå nært og fjernt.

- Etter å ha sydd nokre munnbind som han kunne ha med seg, tenkte eg at det var kanskje andre som ville ha også. Så eg laga nokre fleire variantar, som eg etter kvart la ut på facebook-sida mi, VaimDesign, fortel Agnethe Smelvær frå Vadheim til Ytre Sogn.

Og responsen let seg ikkje vente på.

- I løpet av nokre timar strøymde bestillingar inn frå både nært og fjernt, kjende og ukjende. No er eg vel oppe i nærmare 100. Så i morgon må eg avgarde og kjøpe meir stoff, slik at eg har nok til dei - og endå nokre til.

Nokre av munnbinda ho har laga til no.

Ho har sydd på hobbybasis i fleire år. Munnbind hadde ho imidlertid ikkje laga før, og las seg difor grundig opp på førehand.

- Eg vil jo gjere det skikkeleg, og vere trygg på at dei følgjer krava som styresmaktene har sett, både når det gjeld måten dei er sydd på og materialet som vert brukt, seier Smelvær.

Ho fortel at dei er laga av 100 prosent tettvevd bomullsstoff, og sydd i to lag med ei lomme til filter i midten. I tillegg kjem mjuke strikkar til å feste dei med.

- Ein vel sjølv kva type filter ein har inni. Det kan til dømes vere tørre, uparfymerte våtserviettar eller mikrofiberklutar.

Les meir i neste utgåve av Ytre Sogn!