(Foto: Geir Ove Elveseter)

Berre Aurland har lågare sjukefråver enn Høyanger av kommunane i Vestland

Skrevet av May Britt Eide
09.09.2021 10:08 - OPPDATERT 10.09.2021 08:02

Det viser nye tal frå NAV Vestland.

I Høyanger kommune låg det på 4,0 prosent i andre kvartal.

I fylket totalt har det imidlertid vore ein auke.Då var det Iegemeldte sjukefråveret på 5,5 prosent, som er ein auke på om lag 8 prosent frå same periode i fjor..

– Sjukefråveret har svinga gjennom heile koronapandemien. Slik sett er det vanskeleg å seie så mykje om kva vi forventar i fortsettinga, men vi håper jo at sjukefråveret går ned etter kvart som samfunnet går tilbake til normaltilstand, seier direktør Anne Kverneland Bogsnes i NAV Vestland.

Høgast innan helse
Det er høgast fråvær innan helse- og sosialsektoren med 8,4 prosent, og som førre månad er det størst auke i sjukefråværet innan bergverksdrift og utvinning og undervisning.

– Tilsette i skule og barnehage har vore utsette for smitte i jobben, og hatt krevjande arbeidssituasjonar. Det kan ha bidrege til auken i sjukefråværet for dei som jobbar innan undervisning, seier Bogsnes.

 

Fakta:
* Alder: Høgast fråver i gruppa 60–69 år (6,7 prosent), og lågast i dei yngste aldersgruppene.
* Kommunar: Høgast fråver i Eidfjord (7,7 prosent) og Fedje (7,5 prosent)
* Lågast fråver i Aurland (2,3 prosent) og Høyanger (4,0 prosent)
* Årsaker: Muskel- og skjelettplager er årsak til nær 38 prosent av dei tapte dagsverka. Deretter kjem psykiske plager med 22 prosent. Luftvegsplager er nede på 5 prosent.
* Det legemeldte sjukefråveret i Vestland er litt høgare enn snittet for heile landet på 5,3 prosent.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.