Bekymring for Høyanger sentrum


Eg er bekymra for Høyanger sentrum. Både kvardag og i helg er pulsen for lav og snittalderen for høg. Sentrum er ikkje lenger ein naturleg felles møtestad for alle i Høyanger.

Jonny Litsheim ytrar i Ytre Sogn 28. april eit ynskje om å flytte minnesmerket til sentrum. Isolert sett er det vanskeleg å seie seg ueinig i at støtta skal haldast og ha ei verdig plassering. Fleire slike tiltak og tilbod, som kvar for seg er både gode, og vanskeleg å seie seg uenig i – har danna det som er «nye» Høyanger sentrum: Industristadmuseet, oppussinga av Samfunnshuset, Gunnas S. galleriet, fornying av Bytorget, Arbeidarmonumentet, fontenene, renovering av musikkpaviljongen, brustein, parkeringsplassar, trafikkregulering, renovering av byporten, renovering av spiret…

Er sentrum, som var gjennomplanlagt i 1917, blitt eit  lappeteppe utan overordna plan og prioritering?

For ein småbarnsfar har sentrum nokre klare utfordringar: I full leik er fontenene ein risiko både med og utan vatn. Der er ingen hindringar i den korte avstanden mellom benkar og barneleik og stor, tung trafikk. Her er ikkje leikeapparat eller aktivitetar tiltenkt dei små. På benkane må vi sitje ved sida av kvarandre og sjå på Samfunnshuset eller trafikken. Her er ikkje noko overbygg, om det kjem ein regnversdag. No kanskje også ei minnestøtte som ikkje skal skjendast eller klatrast på?

Eg har også avvikla nokre arrangement på Bytorget. På 1.mai såg du gjerne at det stod 40 stk bak arbeidermonumentet slik at dei ikkje såg talarane. Har du konsert i musikkpaviljongen er der trafikk på to av fire sider. Ei opplagt scene forsvann nok i kompromisset med plassering av den gamle fontena.

Så er det dette med synergiar. I sentrum har vi både Industristadmuseet, ungdomsklubben, biblioteket, kino, Gunnar S og BUA. Alle er påkosta, gode og kommunalt drifta tilbod – men alle krev dei ein person for å halde ope. Kvifor er det ikkje tenkt på at same person kan ha “vakt” på nokre – og at besøkande til ulike tilbod har ein felles uformell foaje; Ein møtestad der vi møtes før, etter og når vi er i sentrum?

Kan vi ha BilfrittBytorg i helgene i sommar? Flytte nokre syklar og leiker frå skulen til sentrum når skulen likevel er stengt? Få på plass nokre slike runde benkar med bord i midten?

Det er gjerne uheldig med trafikken via Storgata. Det er ein fin tur frå Sletta til sentrum, som vert mykje nytta av ungar. Meir drastisk vert det då om vi lagar veg frå Leira ned til August Gunnarskogsgate. Då vil trafikk til Sæbø, trailerane som skal til kaien og butikkane sleppe å dundre gjennom Bytorget? 

Eller skal vi ha tungt trafikkert museums-sentrum som i dag? Gjerne med ei minnstøtte på plenen framføre Gunnar S-galleriet… Om de er innom Sandane, Sogndal, Balestrand og Vadheim i sommar er dette er stadar som har løysingar på liknande utfordringar.

I 2021 vedtok kommunestyret strategi og mål for dei neste 12 åra. Det einaste overordna målet i denne strategien er: Høyanger kommune skal i planperioden auke talet innbyggjarar i aldersgruppa 20-40 år (Kommuneplanen sin samfunnsdel 2021- 2032).

Om dei vil halde fast ved dette målet, oppmodar eg påtroppande kommunestyre om å setja ei ny retning for sentrumsutviklinga. Ikkje gjennom enkelttiltak, men ein gjennomtenkt heilskap.  Eg trur dette er avgjerande for å skape sterkare puls og samhald – bli og bulyst. 

I eit innlegg frå januar skriv Hroar Holm Carlsen at vi snarast må i gang med sentrumsutvikling. Eit vedtak om ei brukarundersøking og idedugnad for Høyanger sentrum på kommunestyret i juni?

Lars Jonas Pedersen