Kommentar frå Kristine Kopperud Timberlid i høve dokumentaren Høyanger 4000+

Begynn med folka

Barnehagane i Høyanger tettstad hadde nyleg 30 og 40-årsdag. Ei feiring verd å markere! Gode barnehagar er det både klokt og riktig å investere i, for eit samfunn som vil vokse. Det har Høyanger alltid gjort, og det må vi aldri slutte med. Kommunen vår må opplevast som attraktiv for småbarnsfamiliar som lurer på å komme hit.

Vi har alltid hatt gode velferdstilbud i Høyanger, det har vore eit av adelsmerka våre og gjort at vi har blitt opplevd som ein god stad å bu. Det er det lett å gjere når kommuneøkonomien er god. Men kjem under press når det blir trangare tider. Det har vi også opplevd i Høyanger. Mange var skeptiske då Høyangerbadet blei bygd i si tid. Det var eit stort innhogg i ei stram kommunekasse. Ettertida har vist at det var ei svært vellykka investering, faktisk ein av få attraksjonar som gjer at folk frå området rundt kjem til Høyanger eins ærend. Så må vi berre få dei til å bli her lenger når dei først er her, kjøpe seg ein middag på Kaffetelegrafen eller ta seg ein tur på Sport’n og handle. Men det er ei anna historie.

Skal ein velge ei rekkefølge, kjem bulyst og trivsel først, så jobbskaping. I ein verden av desentraliserte arbeidsplassar, greie pendlevegar og gode mulegheiter for å ta både båt og fly, så kan folk i større grad bu der dei ønskjer å bu. Ikkje berre der jobben har kontoradresse.

Ikkje misforstå, vi må alltid jobbe med å legge til rette for næring og etablering av arbeidsplassar. Men har du ikkje folk, har du ikkje noe. Og skapar du jobbar, utan at folk opplever samfunnet ditt som attraktivt, så blir det berre innpendling.

Og kva må til for at folk skal ønskje å bu hos oss? Jo, det er ikkje så hokus-pokus: Gode skular og barnehagar, ålreite møteplassar på dagtid og kveldstid og eit levande organisasjonsliv. Til det treng vi ildskjelene, som gjengen i Vadheim som brettar opp ermene og er dei beste ambassadørane for bygda si. Men vi treng og ein kommuneadministrasjon som har ein prøvestein i alt dei gjer: «korleis bidreg dette til å oppretthalde og auke folketalet?». Dette må gjennomsyre ei kvar rekruttering, ei kvar arealsak, ei kvar budsjettprioritering. Det må gjennomsyre alt.

For vi må innsjå det: Med eit folketal på under 4000, står Høyanger med ryggen mot veggen. Og her kan ingen lene seg tilbake og satse på at nokon andre skal fikse det.