Barnetrygd til alle! Og litt til

YTRINGAR: At også sosialhjelp-mottakarar skal få behalde barnetrygda var eit av dei beste budsjett-vedtaka i Høyanger kommunestyre før jul. No skal ikkje barnetrygda lenger reknast som inntekt, når økonomisk sosialstønad skal reknast ut. 

Raudt har mest åleine kjempa for barnetrygd til alle – særleg dei siste tre åra.  Lenge var det berre SV som støtta dette.  Så seint som på formannskapsmøtet 1. desember stod Raudt åleine.  På kommunestyremøtet 16. desember gjekk eit einstemmig kommunestyre inn for det (når AP foreslo det!).

Vi er også nøgde med at Raudt fekk auka løyvingane med 100.000 kr til leikeutstyr i barnehagane – ein post som var stroken i 2021. 

Raudt er også glad for at kommunestyret var einig med oss i at resultata frå Ungdata-undersøkinga må leggjast fram som eiga sak.  Då kan gjerast det gjerast noko meir med forholda for ungdommen i Høyanger.

Nokre saker må Raudt arbeide meir med fordi forslaga våre blei nedstemt i første omgang:

- Vi ville løyve pengar til å få sletta ut fortauskantar for å gjere framkomsten i sentrum lettare for rullator- og rullestolbrukarar

- Vi ville at kommunen skulle koste ei tiltaksretta kartlegging av rasfare i Hålandsvegen 

- Vi ville at politikarane skulle få uttale seg om oppheving av pedagogisk deling og om klassesamanslåing

- Vi ville ha same tilskotet til rehabilitering av hus som tilskotet til oppføring av ny bustad

- Vi ville ha utgreidd ei betre sikring av dei gamle lokalavisene Sogn Folkeblad og Sogn Dagblad enn den noverande oppbevaringa på biblioteket.

Raudt trur fleire av desse sakene skal få ei løysing sjølv om vi blei nedstemt i første omgang.

Leiar Raudt Høyanger
Einar Rysjedal

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.