Ifølgje oppvekstsjef i Høyanger kommune Stig Engen var det to inntak som var årsaka til stenginga.
– Utan vatn og toalett måtte vi av smittevernomsyn stenge ned og sende elevane heim. Det er ikkje noko dramatikk rundt dette, men noko som kan førekomme ved eit vêrskifte som vi har no, seier han til Firda. Høgste prioritetOppvekstsjefen fortel at uteseksjonen er i full sving med å fikse problemet, men er usikker på kor lang tid det vil ta. Men han håpar det vil bli ordna i løpet av dagen, slik at skulen og SFO kan opne opp igjen tysdag. – Det har høgste prioritet og alle verkemiddel er tekne i bruk for å få vatnet tilbake, seier Engen til avisa.