Barnebarnet skreiv norsk golfhistorie


– Klart eg er stolt av han, seier Bodil Hovland i Vadheim om barnebarnet Viktor. Helga som var skreiv han golfhistorie då han som første nordmann gjekk til topps i US Amateur, verdas største golfturnering for amatørar.

Blant dei som tidlegare har vunne turneringa er store namn som Tiger Woods, Bobby Jones og Jack Nicklaus.

– Eg såg det første på nyhenda i dag tidleg at han hadde vunne. Det var jo ikkje klart før i natt, på grunn av tidsforskjellen som er til USA, og då måtte eg ringe Harald, far hans, med ein gong. Om han var nøgd? Ja, han var jo det, seier Bodil Hovland og smiller.

Sjølv hadde ho enno ikkje fått gratulert barnebarnet.

– Men eg vil nok gjere det etter kvart, seier ho når vi møter ho i på garden på Hovland i Vadheim måndag ettermiddag.

Då har det gått nokre timar sidan det vart kjent at 20-årige Viktor Hovland hadde gått heilt til topps i den prestisjefylte turneringa i USA, og det på imponerande vis. , og som betyr at han neste år blir å sjå i dei aller største proffturneringane, US Open, US Masters og British Open. Difor tok det heller ikkje lang tid før dei var ute på tunet og heiste flagget.

– Ja, nokre lurer sikkert på kvifor flagget er heist på ein vanleg mandag, seier ho og ler, før ho raskt legg til at dei er stolte av han, heile familien.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!