Avtale sikrar vidare drift av laboratoriet i Høyanger


Rådmann Kjellaug Brekkhus i Høyanger kommune har underteikna avtale som sikrar drift ved laboratoriet i eitt år til.

- Først må eg understreka at det aldri har vore bestemt at laboratoriet tilknytt Høyanger legekontor skulle leggjast ned. Men vi såg det naturleg å ha ein gjennomgang av drifta i samband med at han som har jobba der som bioingeniør skulle gå av med pensjon no i haust, og då såg på korleis det heile kan løysast i framtida, seier rådmann Kjellaug Brekkhus i Høyanger til Ytre Sogn. 



Ho fortel at det no er sett ned ei arbeidsgruppe til å sjå på dette. I den sit blant andre helse- og sosialsjefen, kommuneoverlegen - og ho sjølv.



- Samstundes kan eg fortelje at vi no har inngått avtale med bioingeniøren om å halde fram ved laboratoriet i alle høve i eitt år til, medan vi arbeider med dette, slik at det ikkje stoppar opp, og måndag denne veka vart avtalen med han underteikna, seier Brekkhus, som har registrert at det har vore ein del engasjement i saka. 



Og det tykkjer ho er bra, sidan det viser at dette er ei viktig teneste for mange.



- Men vi må også tilpasse oss framtida, og difor vil arbeidsgruppa som er sett ned blant anna sjå på lokala og utstyret. Det skjer jo ein del nytt innanfor teknologien. Det same gjeld personale og kva type kompetanse ein skal ha og om laboratoriet kan selje tenestene sine til fleire. Det vil vi no gje oss tid å sjå på, seier Brekkhus.



Les meir i neste utgåve av Ytre Sogn!