Auke i julehandelen i Høyanger


Butikkane i Høyanger melder alle om auke i julehandelen.
-Innbyggjarane er meir bevisste når det gjeld å bruke dei lokale butikkane, meiner butikksjef Odd Arild Løseth hos Sport´n Høyanger.

Ein av dei som har auka mest er butikken hans.

-Sidan pandemien braut ut i mars og ut året har vi seld for om lag 1,3 millionar kroner meir enn vi vanlegvis gjer, og det er jo veldig bra, seier Odd Arild Løseth butikksjef for Sport`n Høyanger til Ytre Sogn.

Auken gjeld også julehandelen.

Ulikt turutstyr er blant det som har gått mest av. Elles har dei også seldt mykje ski, og då spesielt randonee.

-Årsaka er sjølvsagt pandemien som gjer at folk reiser mindre. Og sjølv om ein del bestiller på nett så er innbyggjarane meir bevisste når det gjeld å bruke dei lokale butikkane, noko som er svært positivt og merkbart kvart år, seier han

- I tillegg har vi mange eksempel på yngre som har flytta frå Høyanger, som har samla opp handlebehovet og tek det når dei er heime på besøk. Det tykkjer eg er utruleg kjekt. Så driftsmessig har koronapandemien vore positiv for oss. Men kva som kjem til å skje vidare veit vi jo ikkje, seier Løseth.

Les meir om julehandelen i siste Ytre Sogn!