Åtvarar mot leik i brøytekantar


- Min store skrekk er å få ein unge i plogen, seier Leif Arne Fureli hos Fureli Maskin etter å ha vore fullt sysselsett med brøyting etter det store snøfallet den siste tida.

Difor kjem han med ei åtvaring til alle foreldre som har born som leikar og akar i snøen.



- Eg forstår godt at det er stas å vere ute og ha det kjekt når vi endeleg har fått så mykje snø,rMen eg sit ofte på ank når eg er inne i bustadområde der det bur mange ungar. Særleg gjeld dette på kveldstid når det er mørkt, seier Leif Arne Fureli, dagleg leiar hos Fureli Maskin, til Ytre Sogn.



Frå brøytesesongen 2019 er det selskapet hans som har hatt snøbrøytinga i alle bustadfelt og private vegar på Kyrkjebø. 
I tillegg har han Norevik og Avsnes, så det er eit stort område å fare over. Arbeidet må utførast når snøen kjem og det kan vere til alle tider på døgnet. 



Det han har erfart er at ungane kan kome brått på rundt ein sving, eller dei kan gøyme seg i holer i snøhaugane han lagar. Om det ligg ungar der når han kjem med eit nytt snølass, kan dei bli dekka av tung snø.

- Sjølv om det er godt lys på brøytemaskina, så er det likevel nokre dødvinklar som kan gjere det vanskeleg å sjå ungane som ferdast ute. Maskina er svær og vegane i bustadområda er trange og vanskelege å manøvrere i. Dette kan gjere det ekstra utfordrande.



Les meir i siste Ytre Sogn!