Assisterande rektor ved Hyllestad skule og sfo - ny utlysing


 

Assisterande rektor ved Hyllestad skule og sfo - ny utlysing
Hyllestad skule og sfo er ein 1-10 skule, den einaste skulen i Hyllestad kommune.  Skulen ligg fint til i Hyllestad sentrum, idrettshallen er i nabobygget og idrettsbana rett ved sida.  Det er kort veg til fine turområder, Kvernsteinsparken og fjorden.  Skulen har ca 125 elevar og ca 21 årsverk.  Elevane våre kjem frå ulike land i tillegg til Noreg, vi har mellom anna elevar både frå Ukraina, Polen og Syria.  Skulen står no framom ei renovering og det er planlagt nytt tilbygg og uteområde.

Vi søkjer no etter assisterande rektor i 100 % fast stilling, og det er tenkt ein kombinasjon med ca 60-50 % administrasjon og 40-50 % undervisning.  Aktuelle undervisningsfag er tysk, matematikk eller norsk.

Hyllestad skule og sfo sin visjon:  Gjere for å lære, saman i trivsel og tryggleik.

Vi ønskjer oss ein assisterande rektor som er god på relasjonskompetanse og har eit ønskje om å vere med å vidareutvikle skulen.  Vi er oppteken av å jobbe med at skulen skal ha eit trygt og godt skulemiljø for alle.  Vi arbeider styrkebasert og leitar difor etter styrkane til kvar enkelt elev og vaksen.  Som ein del av leiarteamet i skulen vil du bidra til å legge til rette for eit læringsmiljø der elevane er aktive, viser engasjement og opplever meistring.  

Innhald i stillinga
Som assisterande rektor ved Hyllestad skule er du nestleiar ved skulen og rektor sin stedfortredar.  Hovudoppgåver vil vere knytt til den daglege drifta av skulen, herunder undervisning, sfo og vaksenopplæring.  Du må vere tett på elevane si læring, ivareta personalet og involvere deg i skulen si utvikling.

*Planlegging og drift av skulen og sfo, samt vaksenopplæringa
Saman med rektor være ein pådrivar i skulen sitt utviklingsareid og profesjonsutvikling
*Engasjere dyktige og gode lærarar, og legge til rette for fagleg utvikling, rettleie tilsette i det daglege arbeidet
*Vere med å sikre god undervisning og trivsel for elevane våre
*Samarbeide med foresatte, PPT og andre samarbeidspartnarar
*Bidra til å utvikle eit trygt, varmt og inkluderande skulemiljø
*IKT-ansvar vert vurdert lagt til stillinga
*Klasseromsundervisning


Kvalifikasjonar
*Godkjent pedagogisk utdanning for å kunne undervise i grunnskulen
*Helst minimum tre års erfaring frå skuleverket
*Ønskjeleg med relevant erfaring frå liknande stilling/skuleleiarerfaring
*Det er ønskjeleg at rektorskulen eller tilsvarande leiarutdanning vert gjennomført om du ikkje har det frå før
*Du har gode digitale ferdigheiter og er ein pådrivar i å bruke/utvikle digitale verktøy i læring
*Du har god skriftleg og munleg kommunikasjon
*Du er oppteken av ein leiarstil som er prega av tryggleik og tydelegheit i dialogen med elevar, foreldre og kollegaer
*Du er oppteken av å sjå kvar enkelt, byggje bruer mellom nasjonalitetar og har ei kultursensitiv tilnærming i møte med mennesker


Personlege eigenskapar
*Du er ein leiar som er god på å bygge relasjonar
*Du er fleksibel, har godt humør og trivast godt med varierte oppgåver og til tider litt hektisk kvardag
*Du kan jobbe strukturert og systematisk
*Fordel med førarkort for personbil
*I tråd med lov- og regelverk må vi ha politiattest av nyare dato og eigenerklæring knytt til tuberkulose/MRSA på plass før tiltreding

Vi kan tilby
*Ein meiningsfull arbeidskvardag, der elevane si læring og helse er i fokus
*Eit samfunnsnyttig, viktig og ansvarsfullt arbeid
*Samarbeid med dyktige og engasjerte medarbeidarar
*Løn etter kvalifikasjonar 
*Hjelp til å finne hus/leiligheit i kommunen dersom du er tilflyttar
*Hjelp til å finne arbeid til eventuell partner
*Gratis tilgang til treningsrom/spinningrom i idrettshallen
*Bustadtilskot til førstegangsetablerarar i kommunen, etter visse reglar

Referansenr: 535805442

Fylke: Vestland

Jobbtype: Fast

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Dag

Søknadsfrist: 31.05.2023

Tiltreding: 01.08.2023

Arbeidsstad: Hyllestad

Kontaktpersonar:
HR-leiar Elin Garnes Solås 
tlf: +47 57789504 
mob: +47 90507908

Rektor Kristin Eimind 
tlf: +47 57789553 
mob: +47 47281917

Heimeside:
http://www.hyllestad.kommune.no

VELKOMEN SOM SØKJAR!

SØK HER: