Arbeidet i Vadheimstunnelen utsett - igjen


Mest truleg blir det ikkje oppstart i Vadheimstunnelen på fv 55 mellom Kyrkjebø og Vadheim før på nyåret.

Det opplyser byggjeleiar Rune Kenneth Haugen i Vestland fylkeskommune til Ytre Sogn.


Etter planen skulle elektroarbeidet i tunnelen på fylkesveg 55 mellom Vadheim og Kyrkjebø ha starta opp i vår, men vart sidan utsett til hausten. No er det klart at det vil ta endå nokre månader før det kjem i gang. 


- Vi håpar å få ut anbudsdokumenta i løpet av dei neste par vekene. Det betyr at arbeidet tidlegast 
kjem i gang i midten av desember, men mest truleg skjer det ikkje før i byrjinga av januar, seier Haugen.


Det er fleire grunnar til.


- Overføringa av fylkesveger frå Statens vegvesen til Vestland fylkeskommune, med tilhøyrane organisasjonsmessige endringar, er ein av grunnane til det. Så kom koronapandemien oppå det heile. Så det er eit samanfall av grunnar til at dette har drege ut. Men no er vi der forhåpentlegvis snart, seier Haugen.


Hæhre Entreprenør var ferdige med sjølve oppgraderinga av tunnelen i januar i år.