Stortingskandidat Torbjørn Vereide (Ap) meiner det er på tide å få ei halvering av prisane på ferjebillettane.
Ytringar

AP vil halvere ferjeprisen. Kva meiner dei andre partia?


Det er fleire som seier at prisen på ein ferjebillett ikkje betyr noko. Og det er no ikkje så rart om ein er mest vand til å sjå ferjene på postkort. Men det har noko å seie for oss. For folk som er avhengig av ferje. Som brukar ferjene til jobb. Og som ser på dei som den naturlegaste del av vegnettet vårt.

Dei siste åra har prisane auka betydeleg. Med ei autopassordning som kostar 3600 kroner å vere ein del av, er det mange som fell av lasset. Det blir dyrt for pendlarane, og det rammar hardast i vår del av landet.

Ein grunn til at billettprisane har stege så urimeleg mykje dei siste åra, er ei omlegging av inntektssystema for fylka som har gitt ferjefylka betydelege kutt i overføringane frå staten. Prisen har vanlege folk måtte betale. Det går inn i eit mønster som vi har sett i åra med høgrefleirtalet, og det ønskjer vi i Arbeidarpartiet ei endring på. 

Med ei Ap-leia regjering etter valet til hausten skal prisen halverast. Dette er kostnadsrekna og forpliktande, vi skal starte i første budsjett. Inngangsprisen til autopassordninga skal òg senkast kraftig, slik vi føreslo i Stortinget sist haust. Framlegget vart dessverre røysta ned av høgrefleirtalet. 

For oss handlar det om rettferd. Rimeleg reise til arbeidsplassen eller helsetenestene betyr også noko for dei som må krysse fjordane. Halvering av prisen på ferjebillettane, saman med auka pendlarfrådrag er difor ein liten, men viktig del av vårt prosjekt: No må det bli vanlege folk sin tur. 

Men kva meiner resten av partia? Det må dei nesten få lov til å svare på sjølv. Fram til no har det vore litt taust. Eg skal no ha respekt for det om dei er usamde. Men eg trur vi byrjar å bli ganske mange etter kvart som tykkjer at prisane på ferjebillettane har auka nok. Meir enn nok. 

Dette handlar om kvardagen til folk. Pendlinga til jobb, køyringa til frivillige, og transporten for næringslivet.

Eg meiner det er på tide å få ei halvering av prisane på ferjebillettane. 

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.