Ytring frå Raudt sitt medlemsmøte ved Einar Rysjedal.

AP/SP-regjeringa må auke økonomiske tilbakeføringar frå staten


Fredag 4. november skal kommunedirektør Ørjan Haram leggje fram sitt første forslag til budsjett for Høyanger kommune.Det blir spanande. Det har kome tydeleg fram at Høyanger kommune i 2022 har tapt mykje på kraftsal. Tidlegare har kraftsal vore ei god inntektskjelde.

Ein del av den kommunale verksemda må bere 2022-tapet. Det er grunn til å frykte at tapet vil gå utover tenestetilbod og ytingar innan oppvekst, helse/omsorg og kultur. Kanskje også den verdfulle desentraliserte strukturen kjem på hoggestabben.
Det er ikkje berre Høyanger kommune sin økonomi som er i ulage slik at pengane ikkje strekk til i forhold dei behova som er for tenestetilbod og velferdsytingar.

Dette er ikkje Raudt sine ord: «I sum ser vi nok at forventningene til hva kommunesektoren skal løse ikke står i forhold til rammene i kommuneøkonomien. Dette gapet øker med flere milliarder kroner i statsbudsjettet for 2023.»

Det er styreleiar i Kommunenes Sentralforbund, Gunn Marit Helgesen, som sa dette i ei pressemelding 6. okt. då statsbudsjettet blei lagt fram.

Til NRK uttala ho vidare:«Rammene for kommuneøkonomien neste år i statsbudsjettforslaget vil gi tøffe vilkår for moglegheitene kommunane og fylkeskommunane har til å gi innbyggjarane eit godt tenestetilbod.»

AP-/SP-regjeringa sine innstrammingar er ikkje nødvendige. Desse partia må ta tilbake ein langt større del av dei skattelettane til dei rike som Solberg-regjeringa fekk vedteke.  Klasseforskjellane må reduserast.

Dei rike klagar si «naud» utan grunn. Regjeringa foreslår å auke satsen for dei minste formuane med 0,5 %. For formuane over 20 mill. kr er det inga endring. Dei rike klagar likevel si «naud» og nokre rømmer ut av landet.

AP-/SP-regjeringa burde gjort noko meir drastisk når det gjeld formuane og andre område der Solberg gjorde dei rike endå rikare. Då kunne staten ha auka dei økonomiske tilbakeføringane til kommunane og gitt dei betre moglegheit til å vedlikehalde og utvikle tenestetilbod og velferdsytingar.

Dette ville også ha komme Høyanger kommune velfortent til nytte – uavhengig av tapet på kraftsal. Det var den uregulerte energipolitikken som påførte kommunen dette tapet. For det er nettopp staten som har levert styringa over til marknaden/kraftbransjen.

For Raudt Høyanger sitt medlemsmøte 25.10.22
Einar Rysjedal, leiar