Ambulanse-saka utsett til slutten av januar

Skrevet av
13.12.2019 15:23 - OPPDATERT 13.12.2019 17:23

Først i slutten av januar vil styret i Helse Førde behandle prehospital plan, der blant anna døgnambulansen i Lavik er føreslått nedlagt.


Den prehosiptale planen skulle opphavleg kome opp på møtet i neste veke.



- Vi har fått inn mange uttalar til planen, og dei treng vi tid til å gå igjennom, seier Per Marifjæren, kommunikasjonsrådgjevar i Helse Førde, til Ytre Sogn.



Fristen for å kome med uttalar til planen gjekk ut den 25.november. 



Marifjæren fortel at dei har fått inn rundt 50 uttalar, på totalt 150-200 sider.



- Dei må vi ta på alvor, og då tek vi oss tild til å gå grundig igjennom dei.Difor blir ikkje planen behandla før på styremøtet i slutten av januar, seier han.