Ambulansearbeidar Torill Kristin Skjold ved ambulansestasjonen i Vik øver på å bruke dei nye hjartekompresjonsmaskinene. (Alle foto: Helse Førde)

Ambulansar får maskiner til hjartekompresjon

Fem ambulansestasjonar i Helse Førde har fått hjartekompresjonsmaskiner, blant anna den i Lavik.

– Dette utstyret gjer at  ambulansearbeidarane kan utføre betre avansert hjarte- og lungeredning, seier opplæringsansvarleg i ambulansetenesta, Per-Erik Eide Hjelle.

Når hjartet brått sluttar å slå, krevst effektive og kontinuerlege brystkompresjonar for å halde oppe blodsirkulasjonen fram til pasientens hjartefunksjon er gjenoppretta. Utstyret syter for mekaniske kompresjonar under transport. Pasienten får meir regelmessige hjartekompresjonar, avbrota vert mindre og det frigjer kapasitet til å avanserte luftvegstiltak og administrasjon av medisinar.

– Å få tilgang til slikt utstyr i ambulansane er eit stort framsteg, seier Eide Hjelle.
 Han summerer fordelane opp i tre punkt:

* Ambulansearbeidarane kan tidlegare utføre meir avansert hjarte-/lungeredning.
* Det blir enklare og tryggare å drive hjartekompresjon under pågåande transport.
* Ambulansepersonell får frigjort kapasitet til å gjere andre viktige tiltak for pasientar med pågåande hjartestans.

Kapasitet på 90 minutt
– Vi får frigitt hender og arbeidskapasitet, men også mental kapasitet. Maskina skal ikkje erstatte anna assistanse, men er viktig for raskare å kunne etablere andre avanserte tiltak. 

Det vert altså ikkje lenger nødvendig å kompromisse mellom tryggleiken til personellet og hjelpande tiltak for pasienten under transport. Hjartekompresjonsmaskinene Helse Førde har gått til innkjøp av, er pakka i hardplast-sekk og kan berast på ryggen ut i terrenget.

– Maskinene har total batterikapasitet på 90 minutt. Det er rikeleg i dei fleste situasjonar, seier opplæringsansvarleg Eide Hjelle.

Hjartekompresjonsmaskinene er pakka i ein sekk av hard plast og kan takast med ut i terrenget.

Fem ambulansestasjonar
Dei fem ambulansestasjonane som først har fått desse maskinene. er Selje, Svelgen, Lavik, Vik og Årdal. Ambulansebåten i Solund har alt ei slik maskin.

Prioriteringa har vore å sikre utstyret først til stasjonar med ein ambulanse og lange transportavstandar. Også luftambulansetenesta har slikt utstyr. 

– Vi har eit mål om å få årlege investeringsmidlar til fem maskiner i dei komande åra, fram til alle stasjoner har fått dette utstyret, seier ambulansesjef Stian Sægrov. 
Alle tilsette i ambulansetenesta i Helse Førde har nyleg fått opplæring i å bruke utstyret på tenesta sine fagdagar.

Personellet roterer ein del mellom stasjonane. Det er ein av grunnane til at alle skal kunne bruke hjartekompresjonsmaskinene.

Hjartekompresjonsmaskinene er pakka i ein sekk av hard plast og kan takast med ut i terrenget.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.