<Akvahub>Akvahub, med base i Leirvik, får no 350 000 kroner i tilskot frå Vestland fylkeskommune. F.v. F.v. Christian Vik, Asbjørn Dyrkorn Løland og Bettina Wickman Kvamme.

Akvahub får 350 000 i tilskot

Skrevet av May Britt Eide
23.01.2021 11:00 - OPPDATERT 24.01.2021 18:03

Akvahub, AS får 350 000 kroner i tilskot frå Vestland fylkeskommune.

- Denne avtalen gjer at vi kan vie endå meir tid og ressursar til dei aktivitetane som angår fleire enn eigarverksemdene våre, seier Asbjørn Dyrkorn Løland, dagleg leiar i Akvahub, til Ytre Sogn.

I søknaden løfta bedrifta, som held til i Leirvik, blant anna følgjande aktivitetar som er del av fylket sin handlingsplan: 

* Mobilisere til forskingsbasert innovasjon og vekst i bedrifter
* Drive med FoU-rådgiving og søknadsskriving retta mot regionale, nasjonale og internasjonale ordningar
* Vidareutvikle modellar for livslang læring gjennom samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar og lokalt næringsliv
* Sikre auka kunnskap om det marine miljø; kartlegging av havbotn, naturressursar og biologisk mangfald for å sikre ei berekraftig ressursutnytting.
*Legge til rette for berekraftig akvakultur der målet er nye foringrediensar, full utnytting av avfallsressursane og reduksjon av miljøeffektane.

- Med andre ord, meir av det vi allereie har kome godt i gang med dei siste åra, seier Løland

34 aktørar
I alt 34 aktørar innan strategisk næringsutvikling får tilsaman 17 millionar kroner i tilskot frå fylkeskommunen. Dette er aktørar som dei skal inngå næringsretta samarbeidsavtalar for utvikling av innovasjon og næring for åra 2021 og 2022. 

Tilskotet til den enkelte aktør varierer mellom 100 000 og ein million kroner. Med avtalen følgjer eit økonomisk bidrag, men også eit fagleg samarbeid og nettverk for å nå mål og strategiar i Vestland.

Andre i ytre Sogn som får tilskot Klar Bedrift (Gulen og Masfjorden Næringshage AS). Dei får 200 000 kroner. 

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.