ACER-saka og høge straumprisar


Det er mange som er sinte og frustrerte over dei aukande straumprisane, og dette rammar både vanlege folk, industri og landbruk. Analyser frå m.a. NVE viser at dei høge straumprisane ser ut til å vare ved framover.

19. mars 2018 var det ein stor demonstrasjon framfor Stortinget mot EU sin energipakke 3 og ACER – EU sitt energibyrå, og mange medlemmar i Nei til EU, fagforeiningar og organisasjonar deltok. 100 AP-ordførarar gjekk ut mot sitt eige parti og ville ha Nei til ACER og energipakke 3.

Då saka var oppe i Stortinget, blei den behandla etter § 26 som krev alminneleg fleirtal, medan det her var snakk ein energimarknadspakke som ville få store konsekvensar og som ville føre til suverenitetsavståing. Dermed skulle ein ha brukt § 115 i grunnlova som krev ¾ dels fleirtal.

Nei til EU valde derfor å gå til sak mot staten, og Høgsterett har i mars 2021 gitt Nei til EU medhald i at saka kan fremjast. Så blir det spanande å sjå kva utfallet blir og kor lang tid det tar før avgjerda kjem.

Det er viktig å få fram at ACER ikkje har pålagt Noreg å byggje utanlandskablar, men systemet tek frå Noreg styringsretten med bruken av dei. Og dette hindrar nasjonal kontroll med krafta vår. Med dei to nye kablane til England og Tyskland, kan vi overføre meir enn halvparten av straumproduksjonen vår.

Men ein kan ikkje berre skulde på EU. I 1990 vedtok Stortinget ei ny energilov, fremja av Syse-regjeringa og støtta av AP, der krafthandelen skulle marknadsrettast og styrast av tilbod og etterspurnad. Med denne energilova fekk Noreg den mest marknadsliberale energilova i verda, men det er først no vi verkeleg ser resultatet av liberaliseringa.

For fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane NtEU
Ingunn Kandal, leiar