Det kan seiast om det nært føreståande kommunevalet, og det stemmer nok til ein viss grad…Det blir eit val der sterke motsetningar står mot kvarandre, iallfall i Høyanger, der argumenta litt banalt oppsumert er «ingen vindkraft – ingen Hydro, ingen Hydro – ingen Høyanger», men er det så enkelt?
Kva endringar som kommer, i naturen eller politikken, vil vi kanskje først vite den 11 september. Uansett kva som kommer vil eg påstå at dette ikkje er eit val som handlar om vindkraft, men i aller høgste grad om politikk! For det viser seg gang på gang gjennom media, kampanjar, aksjonar og folkemøte at det er ikkje kraftmangel det eigentleg handlar om. Det framstår ganske tydeleg etter kvart at det er tilgangen på kraft og ikkje minst pris og prioritert bruk det hele dreier seg om. Vi har kraft! Nok kraft til å forsyne oss sjølve og å fortsette å utvikle både landet og industrien vår, og eit eventuelt overskot kan vi solidarisk dele med Europa.Årets kommuneval handlar ikkje om vindkraft! Årets kommuneval handlar om politikk! Det er ikkje kraftmangel Norge lir av. Det er ikkje vindturbinar på Snøheia Hydro er avhengig av. Det er ikkje uerstatteleg tap av natur Høyangers eksistens er avhengig av, det er politikk! Det er den overordna politikken som ligg som ein verkebyll over landet. Ein politikk som aktivt jagar profitt og eit grønt glansbilde. Ikkje har vi kraftmangel, ikkje vil vi få det heller. Nye analyser frå NVE kalkulerer eit langt lystigare framtidsbehov enn det vindkraftbransjen påstår. Politikarane derimot jagar det grøne skiftet og ofrar landet, folket og sunn fornuft i jakta på den glansfulle æra og anseelsen i den vestlege verden, som eit fyrtårn innan grøn politikk. Dette kom seinast til syne da Statsminister Støre omtala elektrifisering av Melkøya som «det største grøne tiltaket i norsk historie» Eg håpar verkeleg partifellar, sekretærar og folk rundt han fortel han at i enden av linja skal gassen framleis brennast! Kommunevalet handlar om Acer, om sjøkablar og profitt og feilslått politikk. Norge har gjennom sin politikk stilt seg slik at vi tapar pengar på vår eiga kraft! Etter 2 år med feilslåtte kraftavtalar kan vi nå lese at Høyanger igjen er på Robek. Dette er eit resultat av straumpris-krisa, som er direkte årsak av at vi eksporterer kraft og importerer pris gjennom desse kablane. Hydro har behov for konkurransedyktig kraft, ikkje nødvendigvis meir kraft. Eviny er samfunnsaktøren som skal handtere krafta vår til beste for samfunnet. Under folkemøtet i Samfunnshuset i Høyanger 23.01.23 bekreftar Hydro dette, «Hydro Høyanger er ikkje avhengig av Snøheia-prosjektet, men vidare utvikling er avhengig av konkurransedyktig kraft». Eviny svara på spørsmål om fornya avtalar med kraftkrevjande industri med «vi må sjå på kva som gir oss mest profitt». Beinstillinga treng ikkje være særleg brei for å sjå at dette ligger over kommunevalet, men det er lokalpolitikarane som kan legge press på partia sine og den politikken dei fører. Lokalpolitikarane skal passe seg for å falle for lovnadar og press frå det som tidlegare var aktørar med eit sterk samfunnsansvar. Desse aktørane skor seg nå på regjeringas grøne jag, og samfunnsansvaret dei ein gong hadde, kan verke å være gløymd for lengst. Det er regjering og storting som har ansvaret for å føre ein politikk som er best for folket og landet. Den politikken kan ikkje tvinge industrien til å flagge ut. Den politikken kan ikkje rasere og selje ut landet. Den politikken kan ikkje påse at vi skal få det like ille som alle andre i solidaritet med elbil-eigarar i Tyskland og private aksjonærar frå det store utland.
Vi trenger trygg, stabil, og nyskapande industri i distrikta. Det gir arbeidsplassar. Arbeidsplassar gir folketal. Folketal gir kommunale tenester og natur gir bulyst og livskvalitet. Vi treng ikkje anten eller, vi treng alt! Dette kan berre sikrast gjennom politiske vedtak og styring, og det er nettopp dette valet 11. september handlar om. Di stemme i kommunevalet er svært viktig, bruk den! Med den kan du påse at dine lokale politikarar arbeidar for deg og ikkje den overordna partipolitikken. Det kommande valet kan bli retningsgivande for kommunen du bur i, men det har og ein signaleffekt som er så mykje, mykje større. Godt Val!
Tor Aleksander Hellem Dale