Årets jordbruksoppgjer er i gang


Eller rettare årets bondefangeri. Desse årlege liksomforhandlingane mellom staten og bondeorganisasjonane der regjeringa stort sett dikterer resultatet. Det har bondeorganisasjonane i alle år berre godteke endå dei heile tida har vist det er bygd på feil tallgrunnlag. Dette er for meg heilt uforståeleg. Og det må ære ei falitterklæring for bondeorganisasjonane når timeløna for gardbrukarane er under minsteløn og det dagleg er folk som legger ned drifta.

Eg er sjølv oppvaksen på gard og er medeigar i garden. Men har aldri vore gardbrukar. Eg var støttemedlem i Bondelaget i ca.10 år, frå 1986-96. Då melde eg meg ut fordi Bondelaget ville skattlegge hjorteløyva til gardbrukarane. Eg dokumenterte for Bondelaget at hjorten gjorde meir skade på jord, skog og gjerde enn verien av jaktutbytte var. Men bondeorganisasjonane sto på sitt og sette igang eit forskningsforsøk som heitte: "Kostar hjorten meir enn han smakar". Resultatet etter 13 år med forskning var at hjorten kosta meir enn den smakte. No sit gardbrukarane att med store hjorteskader i tillegg til ein timeløn som er å rekne for sosial dumping. Ansvaret for dette har staten og bondeorganisasjonane.

 Då eg melde meg ut av Bondelaget undersøkte eg litt med Bonde og Småbrukarlaget om dei var betre. Småbrukarlaget har brote forhandlingane med staten fleire ganger, men Bondelaget har som regel skrive under på at dei godtek å bli rasjonalisert vekk. Det burde ringe ei bjelle hjå nokon kvar om lønsemde i landbruket når dei største bruka med stordriftsfordel må ha mest attendeføring av pengar frå staten for å overleve. Med andre ord er det ikkje meir lønsamt å bli større og produsere meir.

 Då Anne Osland vart leiar i Småbrukarlaget vart det sett igang ein vervekampanje av medlemmer, også eg vart kontakta. Anne sa klart ifrå at tallgrunnlaget dei forhandla utifrå var feil og at dette visste alle. det ville ho ha endra slik at det vart brukt rett tal ved forhandlingane. Men utruleg nok fekk ho fleirtalet i Småbrukarlaget imot seg og måtte gå av som leiar. Dermed melde ikkje eg meg inn i Småbrukarlaget heller. Det er ikkje mykje godt å sei om bondeorganisasjonane og staten når dei no har fått redusert matproduksjonen til ei sosial dumpingsnæring.

Landbruksnæringa er landets viktigaste næring. det er den som har livberga folk etter at det ikkje var nok vilt til å leve av jakt og fangst. Det var maten me levde av før oljen, og det er maten me lever av no og skal leve av etter oljen. Dersom matproduksjonen i Noreg ikkje blir lønsam att vil den bli lagt ned. Dette ser det ikkje ut som noverande Høgrestyrte regjering og staten bryr seg om. Heller ikkje forrige Arbeidarpartistyrte regjering med Senterpartistyrt landbruksdepartement brydde seg om det.

På toppen av dette har noverande regjering vedteke å legge ned pelsdyrnæringa som gjekk med overskot, var eksportretta og skaffa inntekter til staten.

For det er heller ikkje slik som det blir framstilt at landbruket er ein utgiftspost for staten. Staten hovar inn skattar og avgifter som er langt større enn attendeføringane til landbruket. Det er meiningslaust å først kreve inn skatt og avgift for så å attendeføre dette til dei ein har krevd inn skattane frå. Dette avler berre eit kostbart byråkrati. På stortinget er det no ikkje nokon som har mot og ryggrad til å sei ifrå om dette.

Det er derfor eg stiller som 1.kandidat i Sogn og Fjordane for Alliansen til stortingsvalet i haust. Dette for at det skal vere eit alternativ å stemme på. Dei partia som er der no har vist at dei ikkje r tilliten verdig. Eg meiner landbruksnæringa skal fritakast for alle avgifter, veterinærtenistene skal bli gratis. Krav og pålegg frå staten som lausdrift, brannvarsling og andre ting som kan gje ekstrakostnader skal fullt ut dekkast av staten. Dei som har lånt for å dekke desse krava skal få gjelda dekka av staten. For det er ikkje inntektene i landbruket som er for små, men utgiftene som er for store. Forbodet mot pelsnæringa skal opphevast. Dette er og har vore ei viktig distriktsnæring, som kan kombinerast med anna distriktsnæringar. Pels er eit naturprodukt som ikkje øydelegg naturen slik plasterstatningane gjer.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.