Henrik Pettersen Sunde frå Ung i trafikken.

680 personar bøtelagt for mobilbruk bak rattet

7953 personar vart bøtelagt for mobilbruk i løpet av første halvår – 680 av dei var i Vest politidistrikt.


Samanlikna med same tid i fjor, er det ein reduksjon på 18 prosent. 

Fryktar store mørketal 
Ung i Trafikken, Norges einaste trafikksikkerhetsorganisasjon for ungdom, fryktar likevel store mørketal.

 – Vi skal glede oss over reduksjonen, men likevel fryktar vi at mørketala er store. 680 personar vart bøtelagt for mobilbruk i distriktet – noko som er 680 personar for mange. Det er ingen tvil om at merksemda vår blir svekka ved å bruke mobilen, seier kommunikasjons- og samfunnskontakt i Ung i Trafikken, Henrik Pettersen Sunde.

 Frå og med 202 auka bøtesatsane for bruk av mobil i trafikken. No får du 5000 kroner i bot og heile tre prikkar på førerkortet dersom du blir tatt på fersken. For førarar som er på prøvetid blir straffen heile seks prikker. 
I fjor var bota på 1700 kroner og to prikkar.

 – 5000 kroner er eit merkbart beløp for dei fleste og er du fersk sjåfør kan det svi ekstra med seks prikkar. Du mistar faktisk lappen ved åtte prikker. Så det gjeld å ha fokus på vegen, seier Sunde.

Auke blant dei yngste
På landsbasis vart 934 personar i aldersgruppa 18 – 24 år bøtelagt, det tilsvarar ein liten auke på fire prosent samanlikna med første halvår i 2020. 

Sjølv om auken er minimal, uroar det Ung i Trafikken at haldningane til dei yngste ikkje er betre.

 – Å bruke mobil bak rattet er farleg, enkelt og greit. Mange unge tenkjer kanskje at «ei trafikkulykke skjer ikkje meg» - slike haldningar er ikkje tilstrekkeleg. Heile tre av ti dødsulykker i trafikken kan faktisk koplast til mobilbruk, fortel Sunde og legg til:

 – Mitt og ditt liv er mykje meir verdt enn eit sekund s uoppmerksomheit frå ein sjåfør som ser på mobiltelefonen under køyring. Uavhengig av kven som er verst håpar vi bilistane legg mobilen i lomma medan dei er på vegen. Vi har ingen å miste, avsluttar han.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.