65 negative prøvar i Vadheim, 3 uavklarte


Av dei 68 koronatestane som vart tekne i Vadheim torsdag har 65 kome tilbake negative, medan 3 er uavklarte.

Det opplyser varaordførar Geir Helge Østerbø i Høyanger kommune til Ytre Sogn i 23-tida fredag kveld.

 Då har han nettopp fått resultata frå Helse Førde.

- Når det gjeld dei tre som er uavklarte er det snakk om to som var av for dårleg kvalitet og ein som ikkje gav noko klart svar. Difor må dei tre no takast opp igjen, seier han.



Han vedgår at han er letta over prøvesvara som no ligg føre, men understrekar at det er altfor tidlig å friskmelde bygda.



- Vi snakkar ikkje lenger om ein ukontrollert situasjon. Men vi kan heller ikkje tillate oss å senke skuldrene riktig enno. Smittevernråda gjeld framleis, understrekar han.

Det var onsdag meldinga kom om at det var påvist covid 19-smitte hos tre personar i same husstand i bygda. Torsdag utførte difor kommunen testar av ialt 68 personar i Vadheim og elles i kommunen. 



Samstundes vart i alt 55 personar sett i karantene.



- Kriseleiinga i kommunen kjem til å ha eit nytt møte laurdag,for å diskutere kva som vert gjort vidare. Det einaste som er klart er, som nemnt, at dei tre prøvene som er uavklarte må takast om att, seier varaordføraren.