Klubbleir er blant tiltaka 4H-klubbane kan søkje om midlar til. (Illustrasjonsfoto: 4H Sogn og Fjorda

4H jublar over gåvemidlar

– Eg oppfordrar alle 4H-klubbar til å søkje!


Det seier Eirik Vikøren, leiar i fylkesstyret i 4H Sogn og Fjordane, etter at dei har fått tildelt 450.000 kroner i gåvemidlar frå Sparebankstiftinga.

– Eg er kjempeglad for at Sparebankstiftinga nok ein gang har tildelt oss midlar, slik at vi kan støtte klubbane våre for auka aktivitet i nærmiljøet deira, seier han.

Han understrekar at koronapandemien ikkje er over. 

– Trass i dette så ønskjer vi å stimulere til auka aktivitet. Målet vårt er å skape born og ungdom med klart hovud, varme hjarte, flinke hender og god helse. Vi veit at lokal aktivitet er avgjerande. Difor vil vi i 2021 tildele støtte til aktivitet i regi av 4H-klubben, seier Vikøren og oppmodar no 4H-klubbane til å søke.

Det er fylkesstyret som vurderer søknadane og tildeler midlar. 

4H-klubbane kan søkje midlar til:
* 4H-klubbaktivitet 
 * 4H-aktivitet som skapar glede hjå folk i nærmiljøet 
* Klubbleir 

4H har som føremål å utvikle ein aktiv og samfunnsengasjert ungdom med ansvarskjensle og respekt for natur og menneske. Mottoet er «å lære ved å gjere». 

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.