4 på gata om vindkraft

I forbindelse med at Hydro og Eviny gjekk ut offentleg med ønsker og planar om å bygge vindmøller i Høyanger fjella, har vi spurd fire på gata om deira syn på vindmøller, og om utspelet til Hydro og Eviny om vindmøller i Høyanger fjella tiltenkt industriutvikling.


Bjørn Blikken

– Er du for eller imot vindkraft?

– Eg er imot vindkraft.

Kva tenkjer du om at Hydro og Eviny vil bygge vindmøller i Høyangerfjella?

– Nei, det har eg ikkje noko sansen for.  Vi har nok rein kraft i kommunen iform av vasskraft.

– Har det nokon betydning for din innstilling til vindmøller at det er Hydro og Eviny som denne gongen vil bygge vindmøllepark for å sikre industrien nok fornybar energi, og for å kunne investere i nye industriprosjekt?

– Eg synest ikkje det har nokon betydning. Kan aldri tenkje meg at det vil ha noko å seie for industrien. Treng vi meir rein kraft kan dette hentast inn ved å utbetre kraftanlegga vi allereie har i Høyanger kommune.

Ivar Hellem

– Er du for eller imot vindkraft?

– Det er eg heilt klart imot. Spesielt vindmøller, og når eg er ute å reiser og ser korleis dei ruvar i terrenget, då er eg glad vi ikkje har dei i områda her. 

Kva tenkjer du om at Hydro og Eviny vil bygge vindmøller i Høyangerfjella?

– Det er noko av det siste eg vil ha i fjella her, sjølv forstår eg ikkje logikken i at ein vindmøllepark vil kunne gi industrien stabil nok kraft. Etter sånn eg har forstått det så stoppar vindmøllene automatisk å produsere straum, dersom vindstyrken overstige 25 meter i sekundet. Og er det vindstille seier det seg sjølv at det ikkje blir produsert noko som helst. Og det er jo og ganske spesielt at dette utspelet kjem same dag som Klima- og miljøminister Espen Barth Eide i Montreal for å skrive under på ein avtale som seier at vi skal verne meir av norsk natur. 

– Har det nokon betydning for din innstilling til vindmøller at det er Hydro og Eviny som denne gongen vil bygge vindmøllepark for å sikre industrien nok fornybar energi, og for å kunne investere i nye industriprosjekt?

– Nei. Då er det betre å oppgradera dei kraftanlegga vi har frå før av.

Kjartan Longva

– Er du for eller imot vindkraft?

– Eg er for all kraft eg. Kor skal vi få all krafta frå, nå som absolutt alt skal elektrifiserast i Norge. Det kjem uansett til eit punkt der vi er nøydd til å produsere meir kraft i Norge, og vindkraft vil da vere ein viktig del av det heile.

– Kva tenkjer du om at Hydro og Eviny vil bygge vindmøller i Høyangerfjella?

– Det tykkjer eg er kjempeflott. Og at selskapa skal få lage ein skikkeleg konsekvensutgreiing av dei planlagde områda, og legge det fram for kommunen på ein oversikteleg og ordentleg måte, er eg veldig positiv til. 

– Har det nokon betydning for din innstilling til vindmøller at det er Hydro og Eviny som denne gongen vil bygge vindmøllepark for å sikre industrien nok fornybar energi, og for å kunne investere i nye industriprosjekt?

– Det er klart at det har betydning at det er lokale selskap som er på eigarsida. Da vil dei kunne påverke utbygginga og sikre at den kjem industrien til gode. Men det må ligge noko i den andre enden og. Som foreksempel i form av nye arbeidsplassar eller nye industri investeringar.

Vidar Myren

– Er du for eller imot vindkraft?

– Eg er imot vindkraft

– Kva tenkjer du om at Hydro og Eviny vil bygge vindmøller i Høyangerfjella?

– Dei planane har eg ikkje noko til overs for. Og at dei kjem med dette så tett opp mot jul då alle har heilt andre ting å tenkje på, er ein ufin framgangsmåte frå selskapa.

– Har det nokon betydning for din innstilling til vindmøller at det er Hydro og Eviny som denne gongen vil bygge vindmøllepark for å sikre industrien nok fornybar energi, og for å kunne investere i nye industriprosjekt?

– Nei. Eg trur at vi kan hente mykje meir kraft frå eksisterande kraftstasjonar enn frå ein vindmøllepark. Det er mykje snakk om det grøne skiftet, men kor miljøvenlege vindmøller faktisk er, er eg faktisk usikker på. Ein leser jo om alvorlege konsekvensar for både miljø og dyreliv, samt at oljelekkasjar frå vindmøllene forureinar drikkevatn og andre nærliggande vatn og elver.