30 deltok på vardebrenninga på Høyangerfjellet


Rundt 30 personar deltok på vardebrenning ved Grimsosen i Høyanger torsdag kveld. - Eg er veldig nøgd med oppslutnaden, seier Einar Rysjedal.

Det heile var del av ein nasjonal folkeaksjon mot vindkraftutbygging, og i kveld mellom klokka 18 og 21 vart det tend rundt 250 vardar rundt om i Norge.

I fjor var talet 155.

- Eg er veldig nøgd med oppslutnaden i år. Fleire av oss var med på tilsvarande aksjon i fjor, men det var også ein del nye. Ikkje minst var det gledeleg å sjå at det i år var ein del fleire yngre. Nokre av dei sa også at dei kan tenkje seg å danne ei ungdomsgruppe som jobbar mot vindkraftutbygging, seier lokal initiativtakar Einar Rysjedal til Ytre Sogn.

På veg opover til Grimsosen, med ved til å brenne.

- Elles var det naturlegvis flest frå Høyanger, men nokre hadde også teke turen frå Balestrand for å vise støtte i kampen, legg han til.

I år som i fjor tende dei varde ved Grimsosen, slik at den var godt synleg også nede frå tettstaden.

Held appell

Rysjedal, som er nestleiar i Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn, held appell ved varden.

- I appellen kom eg blant anna inn på kor viktig det er å møtast slik, forå vise at vi er mange som er imot utbygginga som vindkraftselskapa legg opp til. Høyanger er jo ein av kommunane som er mest utsett. Heile fem område er peika ut som aktuelle av ulike vindkraftselskap, fire på nordsida og eitt på sørsida, seier Rysjedal.

Varden vert klargjort for å tennast.

- Men om vi fortset å halde oppe trykket, så har eg tru på at vi skal vinne denne kampen. Ja, vi kjem til å stå her oppe kvart år til det skjer, seier han.

Grimsosen var for øvrig ikkje einaste staden i kommunen at det vart tend varde torsdag kveld. Rysjedal fortel at dei blant anna såg at det også var tend ein framme i dalen, ved Havren.

- Eg veit også at det vart tend varde lenger ute, på Austreimsneset.

Varden var også synleg nede frå tettstaden.