23 nye tilfelle denne veka

Denne veka er det torsdag så langt registrert 23 nye tilfelle av covid-19, og det kjem stadig inn sjølvregistreringar.


– Foreløpig ser det ut som det er høge, men stabile tal, seier kommuneoverlege Kristine Brix Longfellow.

I alt er det no oppe i 101 sjølvregistrerte positive prøvar sidan 28.januar. Men situasjonen er på ingen måte dramatisk seier ho, sjølv ho forventar mange fleire positive prøvar i tida framover.

– Det er mange som er nærkontaktar, spesielt i skulen, og dei bør fortsette å teste seg.

Ho legg til at ho meiner folk gjer ein god jobb når det kjem til testing og smitteregistrering, sjølv om ho framleis trur det er mange mørketal.

– Eg opplever at folk er flink til å teste seg, og vi deler ut mange hurtigtestar.

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.