11 nye smitta i Balestrand

Tysdag vart det påvist 11 nye smitta i Balestrand.


Dermed er det registrert 58 smitta sidan 19. november, melder Sogndal kommune på nettsida si.

Dei tilrår no jamleg testing av elevane på Sagatun skule, som er strategien på nasjonalt nivå for å redusera smitte på skular.

– Vi har smitte i samfunnet, og no er det viktig at dei som er i risikogrupper tek omsyn til seg sjølv, og beskyttar seg ved å ha færre nærkontaktar, seier smittevernlege Leiv Erik Husabø.

Raskare vaksinering
Regjeringa innførte tysdag nye nasjonal tiltak. Statsminister Jonas Gahr Støre understrekar at det aller viktigaste tiltaket no, er at folk tek imot dei vaksinedosane dei får tilbod om.

Regjeringa ber difor kommunane gjennomføre vaksineringa raskare. Også i Sogndal kommune legg dei no til rette for at vaksinasjonstempoet skal opp.

– Det er eit mål at alle over 65 år, dei med alvorleg sjukdom og dei fleste helsepersonell skal ha fått tilbod om oppfriskingsdose før jul, og der ligg vi godt an i Sogndal kommune, opplyser Husabø

Debatt
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.