1. og 2. klassingar 
fekk trafikkopplæring


Elevar i 1. og 2. klasse ved Vadheim skule, samt 1. – 3. klasse frå Bjordal skule, hadde fredag besøk av ”Venner på veien”, som er ein trafikksikkerheitskampanje med mål om å lære born meir om korleis dei skal forholde seg til store lastebilar i trafikken.

Norges Lastebileier-Forbund bidreg til auka trafikksikkerheit over heile landet. Jan-Ove Halsøy er regionsjef i Region Vest. Han reiser rundt på skular i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal for å undervise born om trafikksikkerheit, og korleis dei skal forholde seg til lastebilar. Fredag var det Vadheim skule sin tur, og fem elevar og to lærarar frå Bjordal hadde kryssa fjorden slik at dei kunne delta saman med elevane frå Vadheim.

Les meir i papirutgåva tysdag