Yatek er blant landets raskast veksande bedrifter


– Det betyr vel at vi har gjort noko rett, då, seier Øyvind Høie, dagleg leiar i Yatek AS, om at dei er med på Dagens Næringsliv si årlege gaselleliste.

Gasellene er Norges raskest veksande bedrifter, og blant krava for å komme med på lista minst dobla omsetnad på fire år, og at dei må tene pengar. Totalt i 2019 var det 3484 bedrifter som oppfylte desse vekstkrava, blant dei Hyllestad--bedrifta Yatek.

Lang erfaring

Dei starta opp i 2015, og tilbyr tenester til oppdrettsnæringa, hovudsakleg spyling av nøter, som dei gjer med eigen båt som reiser ut til anlegga. Ved å nytte ein undervassrobot med kamera spyler dei vekk det som måtte vekse på nøtene, noko som kan ta opptil to-tre dagar ved store anlegg.

- Vi har vore heldige og har hatt mykje å gjere frå byrjinga. Det har nok med kompetansen i bedrifta å gjere, etter mange år i oppdrettsnæringa. Det er noko kundane ser på, seier dagleg leiar Øyvind Høie til Ytre Sogn.

Sjølv var han blant anna driftsleiar på eit av matfiskanlegga til Marine Harvest - no Mowi - i 26-27 år. Også sønene Alexander og Fredrik, som er dei to andre tilsette i Yatek, har erfaring frå næringa. Elles leiger dei inn når det er naudsynt.

Ny spylebåt


- Men no har vi etter kvart fått så mykje å gjere at vi er nøydde til å investere i ein ny spylebåt, slik at vi kjem oss ut når vi skal, seier Høie.

Dei byrja med ein gamal båt i 2015, men investerte i ny og større i 2017, slik at dei også kan bu ombord i den når dei har oppdrag som tek fleire dagar.

- Vi håpar å ha klar den nye båten til sesongen byrjar i mai-juni. Då må vi også ha fleire tilsette, seier han.

Han fortel at kjerneområdet deira er Sognefjorden. - Men vi har oppdrag utover det, frå Øygarden i sør til Dalsfjorden i nord.

Yatek er for øvrig ei av i alt åtte bedrifter i ytre Sogn som er med på gasellelista. Dei andre er to i Høyanger kommune og fem i Gulen kommune.

Gaseller i ytre Sogn:

Skipavika Termindal AS (Gulen)
Firda Seafood Group AS (Gulen)
Vibeke Helene AS (Gulen)
Norwegian Rig Shuttle AS (Gulen)
Norva24 Vest AS (Gulen)
A og J Bjordal AS (Høyanger)
O D Bygg AS (Høyanger)
Yatek AS (Hyllestad)

(Kjelde: Dagens Næringsliv)

Ved å nytte ein undervassrobot med kamera spyler dei vekk det som måtte vekse på nøtene