Lokale nyhende frå Ytre Sogn 19. november 2018
Ytre Sogn 19. november 2018

– Kvart slag har gjerne 7-8 moglege løysingar, og vi må velje den enklaste og beste. Det er noko av det vi trenar mykje på, i oppkøyringa til VM, seier landslagstrenar Vegar Kristiansen. I helga var han i Sørbøvåg for å trene med Norge sin einaste deltakar i meisterskapen i Moskva, Nina Skresholdt Torvund.

VM-oppkøyringa er i gang

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 16. oktober 2018

Nina Skresholdt Torvund (17) frå Sørbøvåg får hjelp frå ein av Norges mest suksessfulle biljardspelarar i oppkøyringa til junior-VM i Moskva.

– Er vinkelen for skarp? Om den er det, må du sjå etter ei anna løysing! er beskjeden frå Vegar Kristiansen til Nina Skresholdt Torvund på andre sida av bordet, i lokala til Hyllestad Biljardsklubb i Sørbøvåg. Ho studerer kulene på bordet nøye.

Det er berre eit par veker tilt 17-åringen frå Sørbøvåg set kursen austover, mot den russiske hovudstaden. Som vinnar av juniorklassen i biljard-EM i nederland tidlegare i år er ho ein av fire spelarar frå Europa som er kvalifiserte til VM i Moskva, frå 29. oktober til 4. november. Med det er ho også første norske jente som får delta i VM. Og som eit ledd i førebuingane var ein av landets mest suksessfulle biljardspelarar – og no også trenar for Team Norway, som er landslaget for dei under 19 år – i helga i Sørbøvåg for å trene med ho.

– Det er veldig bra å få hjelp frå han, ikkje minst når det gjeld å sjå løysingar undervegs i spelet. Det er noko som ein aldri kan jobbe nok med, seier Torvund, og nikkar mot Kristiansen.

Les meir i Ytre Sogn tysdag!

Nina Skresholdt Torvund (f.v.) saman med landslagsternar Vegar Kristiansen og klubbleiar Gjermund Flage.
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå sport
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord