Viralt «feelgood­prosjekt» i Hyllestad


Det har vore 3,5 gongar så mange innom nett­sida som skal promotere Hyllestad enn det bur innbyggjarar i kommunen.

Hyllestadinfo skal vise mangfald og moglegheiter i kommunen gjennom ei nettside og publisering på Facebook og Instagram. Prosjektleiar er Sarah Sætveit, og med seg har ho Rune Thorsnes og Laila Johannessen. Prosjektet blir styrt frå prosjekthub’en DigiDeg.

– Vi har jobba med å samle inn stoff til dei tre kategoriane innbyggjar, bedrift og fritidsaktivitet i løpet av året, og er no godt i gong med publiseringa. Kvar veke legg vi ut ein innbyggjar, to bedrifter og ein fritidsaktivitet, så det er ein ganske høg publiseringsfrekvens.

Gjengen som har fått ansvar for det kommunale prosjektet har gått grundig til verks. Alle bedrifter, lag og organisasjonar i Hyllestad som har eit organisasjonsnummer vil bli presentert.

– Vi har starta med dei vi har funne i Brønnøysundregisteret, men tar gjerne imot tips til andre fritidsaktivitetar som ikkje har kome med. Det einaste kriteriet vi har er at aktiviteten må vere inkluderande og open for nye deltakarar.
Publiseringa i sosiale medier fungerar som marknadsføring, medan nettsida vil få ein arkivfunksjon der folk kan gå inn og lese seg opp på innhald som alt er publisert.

Ambassadørar

Dei elleve innbyggjarpresentasjonane på hyllestad.info har blitt valt ut basert på kven som kan ha interessante forteljingar å kome med, og som kan representere Hyllestad på ein god måte.

– Nokon har flytta til Hyllestad, nokon har unike roller i lokalsamfunnet, og nokon har spanande livshistorier eller interesser. Felles for dei alle er at dei er gode ambassadørar for kommunen.

Det overordna målet er å få fleire innbyggjarar til Hyllestad.

– På kommunen sine ordinære nettsider skal du få svar på det kommunale tenestetilbodet, medan du på hyllestad.info kan få svar på kvar du kan jobbe og bu i Hyllestad, og kva du kan fylle fritida di med.

Les meir i papirutgåva av Ytre Sogn