Lokale nyhende frå Ytre Sogn 4. juli 2020
Ytre Sogn 4. juli 2020

Fylkesmannen i Vestland har stadfesta Høyanger kommune sitt vedtak om ikkje å gje dispensasjon til å setje opp vindmålar i Høyangerfjella.

Vindkraftselskap vann ikkje fram med klagen

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 10. juni 2020

Fred Olsen Renewables AS vann ikkje fram med klagen på vedtaket til Planutvalet i Høyanger kommune om ikkje å gje dispensasjon til å setje opp vindmåler i Høyangerfjella.

Det er klart etter at Fylkesmannen i Vestland no har stadfesta vedtaket deira. 


– Fylkesmannen har kome til at Høyanger kommune har vurdert saka etter gjeldande regelverk, og vi kan ikkje sjå at kommunen har lagt vekt på usaklege eller utanforliggjande omsyn. Klagen har ikkje ført frem, og vedtak om avslag på mellombels dispensasjon vert stadfesta. Vedtaket er endeleg og kan ikkje påklagast, skriv assisterande fylkesmann Gunnar O Hæreid i brevet til Høyanger kommune.


Det var Kjeller Vindteknikk som på vegne av Fred Olsen Renewables AS søkte om dispensasjon frå LNF-føremål for etablering av vindmålar i Høyangerfjella. Hensikten var å kartleggje vindtilhøva for den planlagte vindparken, som er sendt melding om til NVE.

Påklaga vedtak


Planutvalet i Høyanger kommune gjorde vedtak om ikkje å gje dispensasjon i møte den 22.oktober i fjor. Fred Olsen Renewables AS klaga på vedtaket den 19.november same året. I klagen vart det anført at vedtaket var ugyldig fordi det var mangelfullt grunngjeve, at det var teke utanforliggjande omsyn og at vedtaket difor var lovstridig.

Utvalet handsama klagen i møte den 3.mars i år. Den vart ikkje teken til følgje og saka vart sendt til Fylkesmannen i Vestland for endeleg avgjerd.


– Ut ifrå det kommunen skriv framstår det for oss som klart at tiltaket er i strid med kommunen sitt framtidige ønskje om arealbruk for området. Eit moment i denne vurderinga er hensikten bak utplasseringa av vindmåleren, som er ei mogleg utbygging av vindpark i området i strid med dagens LNF-føremål, meiner Fylkesmannen.


Vidare har kommunen vist til at fordelene ved tiltaket ikke er klart større enn ulempene. 


– Vi kan ikkje sjå at kommunen har gitt ei fullstendig grunngjeving på dette punktet. På den andre sida har Fylkesmannen vanskeleg for å sjå at det føreligg nemneverdige objektive og arealmessige fordelar ved å gje dispensasjon til den omsøkte vindmålaren slik plansituasjonen er no. Fordelane ved tiltaket kan då ikkje vere klart større enn ulempene, meiner Fylkesmannen.

Endeleg vedtak


Kommunen viser elles i klagevurderinga si til at dispensasjonsbestemmelsen er ein «kan»-bestemmelse, og at det difor er opp til deira frie skjøn å vurdere om dei vil gje dispensasjon, uavhengig av om vilkåra er oppfylte eller ikkje. Fylkesmannen meiner at dette er korrekt forståing av dispensasjonsbestemmelsane. Ingen har i utgangspunktet krav på dispensasjon.


Fylkesmannen viser elles til at det er rom for å gjere ei sakleg vurdering av plasseringa av vindmålaren i ein større samanheng, då hensikten med tiltaket heilt klart er å leggje til rette for ei større vindkraftutbygging. 


-Det må likevel gjerast ei konkret vurdering av utplasseringa av den omsøkte vindmålaren, påpeikar Hæreid i brevet. 
Og etter deira vurdering har kommunen ikkje gjort ei tilstrekkelig konkret vurdering i vedtaket av utplassering av vindmålar. Manglane i kommunen sitt vedtak vert imidlertid reparert 
i klageomgangen.


-Vi ser likevel at vurderingane av vilkåra for dispensasjon burde ha vore tydelegare og betre grunngjeve. Likevel er det på det reine at kommunen ikkje ønsker å gje dispensasjon. Dette standpunktet er forankra innanfor det kommunale sjølvstyret, og det vil difor ikkje i noko tilfelle vere grunnlag for å innvilge søknaden.


Vedtaket er endeleg og kan ikkje påklagast.

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå politikk
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord