Villabyen byrjar å ta form


- Eg er ikkje heilt sikker på om alle husa skal vere kvitmåla, slik dei var i byrjinga, eller om dei skal få ulike fargar, seier Arild Høyvik og ser på modellen av Villabyen.

Bustadområdet vest for sentrum er den tredje og siste modellen hans som skal vere med i utstillinga av gamle Høyanger i industristadmuséet. Men enno står noko arbeid igjen før den kan overleverast.

– Etter nokre år valde nokre av bøbuarane i Villabyen å måle husa sine i andre fargar. Dei var både gule, raude og kvite, seier Arild Høyvik og viser dei gamle bileta han har fått låne frå Hydro sitt arkiv, truleg frå 1960-talet. 

– Men eg trur dei skal få vere kvite, slik dei var opphavleg, tidleg på 1920-talet, seier han.



Rivne bygningar


Det heile starta med modellen av arbeidarkvartalet nede på Sæbøtangen, med Murgården, Slottet, Folkekjøkkenet og Pedanten, som han byrja på då han vart pensjonist. Til då hadde han vore lærar ved snikkarlinja på yrkesskolen i Høyanger. Han måtte jo ha noko å fylle dagane med, forklarar han. 

Sidan held han fram med alle forretningsbygga som utgjorde Samvirkekvartalet, inkludert Folkets Hus. 

– Felles er at ingen av bygningane er å sjå i Høyanger lenger. Frå byrjinga av 1970-talet og utover vart dei rivne, alle saman. Så modellane fortel jo litt av Høyanger si historie, seier Høyvik.

Det gjeld også Villabyen, som han framleis held på med.

– Men når eg er ferdig med denne, er det ikkje fleire bygningar å ta av. Så Villabyen blir den siste, seier han og smiler.

Les meir i papirutgåva av Ytre Sogn.