Vil vite meir om Stølsheimen


Stølsheimen verneområdestyre ynskjer å vite meir om friluftslivet i og rundt landskapsvernområdet. Difor vil dei i sommar gjennomføre ei undersøking blant dei besøkjande.

–Svara vi får inn skal brukast når vi skal lage besøksstrategi for Stølsheimen, seier forvaltar Anbjørg Nornes.

Målet med undersøkinga er å få ei betre oversikt over kven som brukar området, kor dei går, kva dei gjer og – ikkje minst – kva forventningar folk har til dømes til stimerking, klopping av blaute parti og informasjon.

– Dette vil gje styret eit betre grunnlag for å tilretteleggje området til det beste for både folk, natur og verdiskaping i bygdene. No er sjansen for å delta og fortelje vernemyndet kva folk set pris på, seier Nornes.

Les meir i Ytre Sogn fredag!