Vil vise kor utfordrande E39 forbi Vadheim er


Med ein ny film vil Jenny Følling og resten av E39 Stamvegutvalet vise kor stort behovet er for å gjere noko med vegen forbi Vadheim.


Dei har gjort det same med E39 gjennom Førde.



- Med dette vil vi synleggjere, til dømes for politikarar på Stortinget, kor store flaskehalser dette er. Ikkje alle har vore her før, og er difor gjerne ikkje i stand til å sjå føre seg utfordringane som er. Og då er film eit sterkt verkemiddel, seier Jenny Følling til Ytre Sogn.



Sjå filmen under!

Om vegen forbi Vadheim seier ho den er ei skam å ha på ein europaveg.



-Det er knapt passering for bilar på delar av strekninga. Møter ein på eit større køyretøy er det full stopp. I tillegg har ein stigninga oppover,når ein kjem frå Vadheim og skal i retning Lavik, med skaper svingar, seier Følling og peikar på at Nasjonal Transportplan (NTP) neste år skal rullerast og vedtakast på nytt.


Då håpar ho at begge desse vegstrekningane på E39 vil liggje inne.



- Vegen forbi Vadheim ligg inne i siste periode i dagens plan, i slutten av perioden, og det er viktig at den framleis gjer det etter at den er rullert. E39 utanom Førde ligg ikkje inne, men vi jobbar for at den også skal det, seier ho.



Filmen som no er laga vil også vere tilgjengeleg for medlemmane i E39 Stamvegutvalet, det vil seie alle kommunane som E39 går igjennom, samt ein del interesseorganisasjonar.



- Det betyr at også Høyanger kommune kan bruke filmen når dei måtte ønskje det, seier Følling.



Den vart vist første gong då samferdsleminister Knut Arild Hareide besøkte Førde sist veke.



- Han sa at dette var to viktige prosjekt, og at vi også måtte ha med prosjekt i nordfylket, seier ho.



Dei har planar om å lage same film om E39 over Utvikfjellet.