Lokale nyhende frå Ytre Sogn 22. juni 2018
Ytre Sogn 22. juni 2018

Svein Tore Hatløy (f.v.), Rune Haugen og Henning Salbu i Sørbøvåg småbåtlag håpar å komme i gang med utvidinga av moloen til hausten. – Men då må vi selje 8-9-10 plassar til, seier dei tre til Ytre Sogn. – Vi har årsmøtevedtak på at vi ikkje startar å byggje før vi har selt 95 prosent av dei.

Vil utvide småbåthamna

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 11. mai 2018

Småbåtlaget har selt nesten halvparten av dei rundt 30 båtplassane i den nye, utvida moloen som dei planlegg i Sørbøvåg.

– Vi har årsmøtevedtak på at vi startar å byggje når vi har selt 95 prosent av båtplassane. Det vil seie at vi må selje 8-9-10 plassar til før vi er i gang. Det håpar vi å greie i løpet av sommaren, slik at vi kan byrje på moloen til hausten, seier leiar i småbåtlaget, Rune Haugen, når vi møter han og styremedlemmene Henning Salbu og Svein Tore Hatløy i hamna, i sentrum av Sørbøvåg.

Det er eit par år sidan laget byrja å diskutere utviding av småbåthamna, og for eit år sidan vart det sett ned ei prosjektgruppe.
– Totalt har vi 55 plassar i moloen, men har hatt venteliste sidan 2000-talet. Så behovet for fleire plassar har vore der lenge, seier dei tre..

Les meir i Ytre Sogn laurdag!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord