Vil utsetje rehabiliteringa av Olderdalen barnehage


Høyanger-rådmann Kjellaug Brekkhus går inn for å utsetje rehabiliteringsprosjektet ved Olderdalen barnehage til kommunen har konkludert på kapasitetsbehovet sitt.

Prosjektet er kostnadsrekna til 12 millionar kroner.

– Rehabiliteringa av Olderdalen barnehage i Høyanger er eit omfattande og dyrt prosjekt, Høyanger kommune bør ikkje setje seg i ein situasjon der ein har gjennomført eit omfattande og dyrt prosjekt, for deretter å konkludere at behovet ikkje var der, skriv Kjellaug Brekkhus i saksutgreiinga si til formannskapet, som handsamar saka måndag i neste veke.

Ho tilrår difor at ein utset rehabiliteringsprosjektet til ein har konkludert med omsyn til moglege strukturendringar innan skular og barnehagar.

I staden går ho inn for at kommunen nyttar omlag 500 000 kroner på å utbetre arbeidsmiljet til personalet i barnehagen, i påvente av endeleg avgjerd om det omfattande rehabiliteringsprosjektet.

Les meir i siste utåve av Ytre Sogn!