Vil utbetre stien til Sørefjordhytta


- Dagsturhytta har blitt eit av dei mest populære turmåla i Hyllestad, seier Franziska Rüttiman. Det ber også stien fram til den preg av.

Difor vil Hyllestad IL si fjelltrimgruppa no utbetre den, og søkjer om midlar frå blant anna Hyllestadfondet til å gjere det. 
Totalt vil det koste rundt ein million kroner.

- Det overordna målet er å få ein trygg sti som er betre å gå - uansett vêr – slik at endå fleire besøkjer Sørefjordhytta. Den er eit viktig tilbod for auka trivsel og betre folkehelse, seier Franziska Rüttiman, leiar i fjelltrimgruppa, til Ytre Sogn.


- Det er også ein sti som dei fleste klarar.

Fleire tusen besøk


Stien frå Aksane er nesten ein kilometer lang, og det er spesielt første del - der stien er noko brattare enn resten - det er behov for å gjere noko med.

- Stien låg der allereie då hytta opna for eitt år sidan, men hadde fram til då vore lite brukt. No er dagsturhytta ved Sørefjordvatnet blitt eit av dei mest populære turmåla i Hyllestad.

Frå oktober i fjor og til no har den hatt fleire tusen besøk, og det ber også stien fram til den preg av.

- Etter få månader vart den veldig gjørmete, og folk byrja å tråkke opp nye traséer som igjen vart gjørmete etter kort tid. Så vi må finne ei meir permanent løysing, seier ho.

Les meir i siste Ytre Sogn!