Vil skape merkevara ”Hyllestadkalk”


Under årets Kvernsteinsmarknad i Hyllestad var det også framvising av kalkomnen som nyleg har blitt bygd i Kvernsteinsparken.

– På kvernsteinsmarknaden er det mykje folk, og difor eit godt høve til å vise fram dette store eksperimentelle prosjektet vårt, seier Per Storemyr, tilsett ved kvernsteinssenteret.

Omnen er bygd etter prinsipp frå Romartida og middelalderen, og det er første gong på 150 år at ein slik kalkomn er bygd i Norge.

– I ein slik kalkomn produseret vi brent kalk frå lokal marmor. Temperaturen må vere oppe i 900 grader, og slik må den haldast i 3-4 dagar. Den brente kalken blandast med vatn og sand og blir til kalkmørtel – gamledagars versjon av sement. Denne sementtypen vart brukt i Noreg frå middelalderen til litt ut på 1900-talet, seier Storemyr.

Les meir om marknaden og skodespelet "Den heilage Ingebjørg" i siste utgåve av Ytre Sogn!