Lokale nyhende frå Ytre Sogn 29. februar 2020
Ytre Sogn 29. februar 2020

Forslaget om å legge ned døgnambulansen i Lavik har møtt sterkast motstand i høyringsrunden.

Helse Førde vil sjå nærare på ambulanse i Lavik

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 17. januar 2020

Administrerande direktør Arve Varden i Helse Førde vil ha utgreidd alternativ modell for ambulanseløysinga i Lavik i samarbeid med kommune, tilsetteorganisasjonar og verneteneste.

Prehosiptal plan vert lagt fram for styret i helseføretaket 24. januar.

Planen har vekt stort engasjement i heile opptaksområdet til Helse Førde, og det har kome innspel frå meir enn 50 høyringsinstansar. Desse innspela utgjer eit dokument på meir enn 160 sider som no blir ein del av grunnlaget for styret i møte fredag om ei veke.

– Dei mange innspela viser at dette er eit område som betyr mykje for innbyggjarane. Det er eit engasjement vi skal vere glade for, seier administrerande direktør Arve Varden i Helse Førde.

Sterkast motstand i Lavik

Det er forslaget om å legge ned døgnambulansen i Lavik som har møtt sterkast motstand i høyringsrunden, særleg frå ytre delar av Sogn og Sunnfjord. Også organisasjonar som ikkje er geografisk knytt til området, har ytra seg kritisk om framlegget. Administrerande direktør meiner det er rett å greie ut endringa ytterlegare, ved å vurdere alternative modellar.

– Det kom inn svært mange synspunkt på forslaget i Lavik, med ulike innfallsvinklar. I denne samanhengen er det jo verd å merke seg at prosjektgruppa har sagt at dei ville ha prioritert dag- eller døgnbil i Lavik eller Leirvik først, dersom ein kunne auke kostnadene i den føreslåtte strukturmodellen. Eg meiner difor det er rett å ta seg tid til endå ein gjennomgang av dette, seier Varden.

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord