Vil setje Høyanger på kartet med brettspel


– Vi ville gjere noko morosamt, noko annleis og noko som om mogleg kunne hjelpe til å setje Høyanger på kartet, fortel dagleg leiar i kommunikasjonsbyrået Finurlig, Stig Hovlandsdal Øvreås.

Dei har no lansert eit brettspel med utgangspunkt i det kjende Trappeløpet i Høyanger. Til dagleg jobbar firmaet med designoppdrag som å lage nettsider, logoar og brosjyrar, men har i det siste hatt vore opptekne med noko heilt anna.

– Vi ville gjere noko morosamt, noko annleis og noko som om mogleg kunne hjelpe til å setje Høyanger på kartet, seier Stig Hovlandsdal Øvreås som er ein av dei tre i kommunikasjonsbyrået Finurlig.

Idéen til brettspelet «Trappeløpet – 1268 trinn til topps» kom allereie i februar då han spelte stigespel saman med borna sine og såg tydelege likskapar med løpet som kvart år blir arrangert i Høyanger.

– Men eg ville ikkje at det skulle bli eit vanleg stigespel og sette difor opp ulike felt som spelarane kunne lande på, som gav ulike konsekvensar, fortset Øvreås.

Les meir i neste utgåve av Ytre Sogn!

– Vi ville gjere noko som om mogleg kunne hjelpe til å setje Høyanger på kartet, seier Stig Hovlandsdal Øvreås (t.h.) i kommunikasjonsbyrået Finurlig. Her saman med kollega Linn Bente Grimsmo.