Lokale nyhende frå Ytre Sogn 12. desember 2017
Ytre Sogn 12. desember 2017

F.v. Morten Askvik (Hyllestad), Harald Offerdal (Balestrand) og Petter Sortland (Høyanger) var blant ordførarane som deltok på politikardagen på Skei rett før helga. T.h. leiar i samferdsleutvalet i fylket – og ordførar i Aurland – Noralv Distad. (Foto: Kristin Rundsveen/Sogn og Fjordane fylkeskommune)


Vil senke krav 
til vegutbetring

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 22. november 2017

Høyanger-ordførar Petter Sortland tok til orde for lågare krav til standarden på  fylkesvegnettet då han held innlegg på fredagens politikardag på Skei

Fakta:
*Politikardagen blir arrangert nokre gonger i året, der dei som ønskjer det kan kome og orientere medlemmer i fylkestinget om aktuelle tema.

— Skal vi få gjort noko med alle flaskehalsane på vegane rundt om i Sogn og Fjordane er vi nøydde til å senke krava til standarden på dei. Med dei rammene som er i dag, er det einaste måten å sikre at det skjer inanfor rimeleg tid, seier Petter Sortland, som i innlegget sitt brukte strekninga Tronvik-Ulvåna på Fv 55 i eigen kommune som døme.
Den har nemleg Statens vegvesen rekna ut vil koste 450 millionar kroner å utbetre. Det inkluderer blant anna tre nye, korte tunnelar.

Les meir i Ytre Sogn

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå politikk

Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord