Lokale nyhende frå Ytre Sogn 2. juni 2020
Ytre Sogn 2. juni 2020

Stien går over 500 høgdemeter, med start på Ekrane nede i dalbotnen. (Illustrasjon: Stibyggjaren AS)

Vil lage til ny, spektakulær turistattraksjon

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 12. mai 2020

– Skal vi få turistar og andre til å stoppe opp i Høyanger, må vi ha attraksjonar som får dei til å gjere det, seier Sven Erik Lillehauge (f.v., biletet) og Odd Arild Løseth. 
Dei vil no hente inn sherpaer frå Nepal til å ruste opp stien mot Nova.

Tidlegare i år var det synfaring av stien opp mot Nova. (Foto: Stibyggjaren AS)

Dei to har no – saman med Gaute Haugen og Frida Nessestrand Vefring – stifta «Vennelaget for Stølsvegen til Nova», som vil arbeide for å få dette til. 

Med på laget har dei fått Stibyggjaren AS – med Vetti-brørne Geir og Vegard – som har lang erfaring med bygging av stiar ved å nytte sherpaer frå Nepal. Det ønskjer venneforeininga no å få til i Dalådalen i Høyanger, og har fått Skjolden-firmaet til å gjere ei forundersøking som viser kva som må til for å ruste opp stien. 



– Den vart tidlegare nytta av dei som skulle inn til stølane i Eriksdalen, men er no i dårleg stand etter ikkje å ha vore vedlikehalden på lang tid. Det ønskjer vi no å gjere noko med, ved å få bygd trapper i naturstein, og steinsett eller grusa stien der det trengst, seier Sven Erik Lillehauge, som er leiar for venneforeininga, til Ytre Sogn.



Stien går parallelt med røyrgater og trapper nede frå Ekrene i dalbotnen, 130 moh, oppover mot Nova, 935 moh. Stien endar imidlertid på rundt 600 moh, der spillhuset som dreg bana ligg. 



– Den går i eit spektakulært område med stup og bratte fjellsider, ville fossar og elvar. Difor ser vi etter kvart også føre oss å få laga til eit par utsiktspunkt på vegen opp, blant anna i eit svært bratt parti kalla «Juvet». Den vil gjere det heile endå meir spektakulært, meiner han.



Odd Arild Løseth nikkar.



– På toppen har ein utsikt over heile tettstaden og fjellområda rundt. Derifrå kan ein gå vidare innover Eriksdalen og fjellheimen mellom Høyanger og Balestrand, som dermed blir tilgjengeleg for endå fleire enn i dag, seier han.


Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

Slike naturbaserte aktivitetar er noko folk ønskjer seg i aukande grad,, seier Sven Erik Lillehauge og Odd Arild Løseth, med Nova i bakgrunnen. (Foto. May Britt Eide)
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå næring
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord