Vil lage golfbane ved Sognefjorden


– Vi trur at fleire hadde fått interesse for golf om vi hadde fått til ei bane her, sentralt ved Sognefjorden, seier Thomas Frichsen (biletet, t.v.) og Torbjørn Drage frå Høyanger til Ytre Sogn.

I dag er nærmaste golfbane i Lærdal eller Jølster. No vil dei to - saman med Morten Kåre Øen Eriksen og Arne Aaland - lage til golfbane, på Kyrkjebø. Dialogen med grunneigar og kommune har så langt vore positiv.

– Interessa for å spele golf aukar, og her ute på «Solkysten» kjem våren tidleg. Dette er eit godt område for å lage eit utslagsområde, såkalla driving range. Eit par hol er det også plass til, slik at ein kan få trene på innslag og putting, seier Frichsen.

Les meir i Ytre Sogn tysdag!